skip to Main Content

Helgøyfrukt

På idylliske Helgøy i Hjelmeland kommune driv me fruktgarden Helgøyfrukt . Me er fjerde generasjonen med fruktdyrkarar på Helgøy, og her dyrkar me morellar, eple, plommer og pærer. Helgøy vart landfast i 2022 og det er me svært glade for. Kvardagen er mykje enklare for oss og no kan alle som vil besøkja den flotte øya vår. Me har ein sjølvbetjent gardsbutikk som er open frå klokka 8.00-21.00, der sel me eplemosten vår og sesongens frukt og bær ++.
Du finn butikken vår om du følgjer den asfalterte vegen fram til leikeplassen og ballbingen som ligg rett ved sida av. Velkommen til oss.

«Etter vår meining har kvar eplesort sin særeigne smak,
difor finn du kun reine eplesorter i vårt utvalg.
Så finn din smak og nyt opplevinga».
Gøril og Geirmund.

Følg oss på Instagram @helgoyfrykt

Back To Top