skip to Main Content

Summerred er middels stort eple og er litt avlangt i forma. Smaken er syrleg og frisk. Fruktkjøttet er kremgult og middels fast, sprøtt og saftig og fargen er nydeleg raud.

Me haustar Summerred i slutten av august, byrjinga av september. Summerred er ikkje eit lagringseple og det smaker best frå hausting til oktober.

Eplemost av Summerred er syleg på smaken og passar perfekt til middagen.

Bildegalleri

 

Back To Top