skip to Main Content

Rosette er eit kjempe godt ete eple, friskt i smaken og minne om smaken frå Discovery epla, men her får du eit eple som er raudt inni.  Me haustar Rosette i slutten av august-byrjinga av september. Dette er ikkje eit lagringseple og smaker best frå hausting og fram oktober. Heilt nydeleg i eplekake. På bilete ser du ei fantastisk eplekake laga og fotografert av Marta Dalane (sjokoladeriet på Instagram)

Rosette eplemosten er i den syrlege enden. Fargen blir raud på grunn av det rosa fruktkjøttet. Denne må jo ver perfekt til jul.

Bildegalleri

Back To Top