1877:
Jone Helgøy kjøper Helgøy i Årdalsfjorden. Øya hadde hatt mange eigarar dei siste åra og var fælt nedslarva. Men no blei det anna stell. Garden blei dyrka flekk etter flekk, mål etter mål.
1912
Sonen Ola og kona Bertine overtek no halve øya og bygger opp ein ny gard. Ola har eit større fokus på frukt. (Det er dette bruket Gøril og Geirmund driv i dag og som historia handlar om.) Ola og Bertine får fire barn, men i ein alder av 32 år blir Bertine enke. Ho har nå ansvaret for sine fire barn og ei pleietrengande svigermor. Ho får tilbod om å flytte til fastlandet, men blir værande på Helgøy. Ho forpaktar garden vekk til sønene blir gamle nok til å driva den.
1935:
Dei to sønene Jone og Kristen overtek drifta av garden. Jone jobbar på rutebåt og bruker løna til å kjøpe tre, og Kristen plantar og steller trea. Litt etter litt gav garden større inntekter og då blei det fart i plantinga. “eg vil heller mista ei ku enn eit godt frukttre” uttalte Kristen Helgøy. Dei utvidar garden med epler, plommer, pærer, moreller og tomater i drivhus.
1965:
Kristen og kona Elisa overtek heile garden saman med sine ti barn.
1971:
Sønene Håkon og Jon Arne overtek drifta av garden.
Jon Arne og Olaug overtek den andre halvdelen av øya i 1985.
1978:
Helgøy får avslag på å få elektrisitet til nye hus og hytter. E-verket meinte at øya snart var avfolka.
Dette gjorde viljen til å lykkast større. Systera deira, Synnøve, flyttar til Helgøy saman med mannen sin Gordon.
1980:
Håkon startar prosessen med å få Helgøy landfast. Helgøy skyssbåt blir etablert.
2000:
Geirmund startar opp med eplemostproduksjon på garden. Han satser på tomatene og bygger to nye drivhus i løpet av 4 år.
2004:
Helgøy får kommunalt vatn som dei legg sjølv på dugnad. Dette er eit stort steg for Helgøy, tenk no kan dei dusja og vaska klede sjølv på fine sommerdager. No begynner det å bli mykje liv på Helgøy då fleire av dei som er oppvaksne på øya kjem tilbake med sine utkåra for å stifta familie.
2012:
Gøril og Geirmund overtek garden etter Margaret og Håkon.
Anne Norunn og Kristen overtek drifta av garden etter Olaug og Jon Arne i 2015.
2016:
Ein epoke er over, no er det slutt på tomatproduksjon og Geirmund fyller drivhusa med morelltre.
2019:
Me får “Helgøybua”, no kan me kjøpa eplemost, moreller og frukt etter sesong, og ein is og Cola…!
I 2020 får og Helgøy sitt eige idretts-og frifluftslag, dette resulterer i ballbinge, strand-vollyball bane og ein spennande leikeplass som ligg rett ved gardsbutikken vår, Dette året får og Helgøybakkane fruktgard det flotte selskapslokalet «Epleriet».
2022:
Helgøy blir landfast. Etter ein 40 år lang kamp får Helgøy bru. Dette gjer kvardagen mykje enklare for oss og me gler oss over alle som vil besøke øya vår. Livet er fint på Helgøy. No er me 45 fastbuande og 23 av dei er barn. Helgøy skyssbåt har på 30 år blitt eit stort rederi. Og framleis blir øya dyrka flekk etter flekk, mål etter mål.