Besøk på Helgøy.
Me er så heldige som har fått besøk av mange som vil sjå den flotte øya vår og smaka det me dyrkar.
I 2021 kom Arne Hjeltnes med programmet «verd å trakka til» . Dei kom syklande og det var stor stas for oss når Arne som Hardanger bu elska morellane og eplemosten våre.
I 2023 kom det mykje besøk.
Stavanger Aftenblad kom og for å sjå og skriva om den flotte blomstringa på øya våren 2023. Det førte til mykje besøk i frukthagane. Så kjekt å kunna dela det nydelige synet og fantastiske lukta med fleire.
Standbuen kom for å skriva om tida etter brua kom, som me synest har vore utelukkande positiv.
NRK kom til Helgøy for å laga innslag til 17.mai sendinga. Det var kjempa stas. Dei filma når me gjekk i 17.mai tok i frukthagen blant blomstrande tre, nydeleg. Kjekt for Heidi vår og Jonas på nabogarden som vart intervjua.
Morten Hegseth og Vegard Harm kom til oss (eller rømte) når dei var med i tv Noreg programmet «jakta». 2 festlege karer som det var kjekt å ha besøk av.
Selma frå nrk reiseradio kom og til Helgøy. Veldig koseleg besøk av ei dama som hadde mykje herleg energi.
NRK Rogaland kom for å laga reportasje om rekord fruktår i fylke. Kjekt for sommararbeidarane våre med mykje besøk.
Helgøyfrukt er og med Hjelmeland kommune på standen deira på gladmat festivalen. Eit godt høve til møte nye kundar. Her fekk me prata med ein som verkeleg brenn for god lokal mat, Arne Brimi. Veldig koseleg at han likte seg så godt på standen vår.
Me er sjølvsagt med på Gladmat sitt konsept «kortreist», som set fokus på å handla lokalt. Dette er eit par gonger i året . Då er me på plass i gardsbutikken klar for å møte nye og gamle kundar med smaksprøver.
Velkommen til fleire som vil oppleva den flotte øya vår og smake på herleg kortreist frukt og bær.