Geirmund er oppvokst på Helgøy og får han var det aldri eit spørsmål om kor han sko fortsette å bu . Gøril er frå fjellbygda Gilja i Gjesdal kommune, ikkje heilt verdens navle det heller, men som ein by i forhold til Helgøy.
I 2007 gifta me oss og eg, Gøril flytta til Helgøy.
Då hadde Geirmund drivhuset fullt av tomater.
I 2012 tok me over fruktgarden etter Håkon og Margaret. Garden besto då av eple, plommer og moreller.
Me hadde høyrt om ein ny dyrkingsmetode der trea sto tettere og var mindre av størrelse, og kvart tre hadde drypp med vatn og næring. Dette virka lovande og me bestemte oss for å fornye frukthagene, ein av gongen. Pæretre planta me og. Det blei nokre harde år med mykje arbeid, men med god hjelp og gleden av å sjå kor mykje meir praktisk det blei så fortsette me med stort pågangsmot.
I 2015 tok Kristen og Anne Norunn over nabogarden på Helgøy. Det blei ennå kjekkere når me hadde gode kollegaer som ønska å satsa likt på sin gard.
I dag er det totalt ca 40 000 frukttre på Helgøy. Men framleis har me alltid me oss ønske om å fornya meir og oppdage nye spennande sorter.
Me er svært glad for å sjå kor mange som vil besøka oss, og som ynskjer og handla frukt, bær og eplemost av oss. Hjarteleg velkommen til Helgøy.
I 2016 var ein lang epoke på Helgøy over, me bestemte oss for å slutte med tomater å plante morelltre inni drivhuset. Dette var noko nytt og mange var skeptiske.
Til nå hadde me hatt mange store morelltre ute på Helgøy, men med norsk sommer så var det sjelden at alt klaffa der. Som regel såg det lovende ut på våren også ødela enten regn, tørke eller fuglane dei. Var og tidkrevende å hente bæra i dei store trea.
Geirmund hadde allerede prøvd ut med morelltre i gamle drivhuset i nokre år for å teste korleis ulike sorter likte seg innendørs.
Morellene i drivhuset blei ein stor suksess og i 2021 kom me heilt til finalen med dei i den anerkjente konkurranse «det norske måltid» og katogorien «årets grønne produkt».
I 2019 overtok me eplemost produksjonen. Me presser sjøl all eplemosten og mengeden varierer utifra kor mykje frukt det er. I 2020 laga me egne etiketter og papp til 3 og 5 liters kartongen. Dette for å få betre fram dei ulike sortene våre og får at merke vårt skal bli gjenkjennelig.
I 2019 bygde me og gardsbutikken vår (kalt buå lokalt) til stor glede både for store og små .
Men det er ikkje bare i frukthagen det skjedde ting, frå 2008 til 2018 var me og så heldige at me blei foreldre til Sarah, Heidi, Bertine, Emma og Håkon. Dei er alle med på garden på sin måte.
At det er mange barn på øya har og gjort at me på Helgøy har fått til ein flott ballbinge, beachvolley og ein leikeplass som byr opp til mykje aktivitet. Alt dette er sjølvsagt tilgjengelig for alle som kjem til Helgøy.
Fremdeles jobber me med å fornye hagene og prøver ut nye sorter.
Og nå når me har fått bru til Helgøy så er det med stor glede me inviterer alle til å komme og oppleve idylliske Helgøy.
Anbefaler ein stopp innom Ryfylke bakeri i Årdal på vei til Helgøy om du har lyst på ein god middag eller bakst .
Me har dessverre ikkje offentlig do på øya, nærmaste blir ved kyrkja på Fister eller ved Hetlandsvatne rett før du kjem til Fister. .