skip to Main Content

Gravenstein er den første eplesorten som vart planta i Noreg, og det var allereie i 1792.

Gravenstein har ein litt kantete form som gjer at du lett kjenner det igjen. Epla kan og bli kjempe store. Gravenstein er svært saftig. Fruktkjøttet har ein syrleg smak, med ein fast konsistens. Gravenstein haustar me vanlegvis i slutten av september. Dette er ikkje eit lagringseple men eit eple me et i september-oktober.

Eplemost av Gravenstein er mange sin favoritt. Den friske litt syrlege smaken gjer den forfriskande både som tørstedrikk og saman med middag.

Bildegalleri

Back To Top