skip to Main Content

Blåplommer

Blåplommer er barndomsminne. Smaken er litt syrleg. Kvar plomma uansett storleik smaker heilt fantastisk . Første plomma som blir moden og ho blir teken imot med største glede. Moden byrjinga/midten av august.

Opal plommer

Opal plommer modnast rett etter blåplommene. Eta ei god opal plomme er toppen av lykke. Kjenner sakna berre av å skriva dette. Opal plomma haustar me ca midten av august

Mallard Plommer

Mallard plomma er den søtaste plomma vår. Er så søt at du kan kjenna eit bitte liten snev av honning i smaken. Dette er bonden sjølv si favoritt plomme. Mallard plomma er moden ca slutten av August/byrjinga av september

Reevs plommer

Reevs plommer er kundane våre sin favoritt. Det er ikkje rart for Reeves plommene er store, saftige, smaker fantastisk, slepp steinen og er ein fest for magen og auga. Me haustar Reeves plommene i slutten av august/byrjinga av september. Visste du at plommer kan modnas om di ligg litt på kjøkkenbenken . Så har du ei plomme du synest er for hard, la ho liggja til neste dag.

Victoria plommer

Victoria plommer modnast i byrjinga av september.Dette er ein favoritt for mange når dei skal laga plommesyltetøy.

Bildegalleri

Back To Top